Hopp til innhold

Motorsyklist frakta til sjukehus etter ulukke

Ein motorsyklist er frakta til sjukehus etter ei trafikkulukke.

Maristova-Smedalsosen

MC-ULUKKE: Ulukka skal ha skjedd ein stad med vegarbeid på Filefjell. (Dette biletet er ikkje teke i samband med ulukka)

Foto: Jan Christian Jerving

Ulukka skal ha skjedd på Filefjell ein stad der dei held på med vegarbeid.

Både ambulanse og politi rykte ut til staden. Meldinga om trafikkulukka kom fredag kveld klokka 21.41.

Motorsyklisten vart frakta til sjukehus i ambulanse, men skadeomfanget er førebels ukjent.

Saka vert vidare etterforska ved lensmannskontoret i Lærdal.