Politiet meiner han har bidrege med 66000 kroner til kjøp av 30 kilo hasj. Men Florø-mannen nektar for å ha noko med dette å gjere.
Han seier pengane var eit lån til ein kjenning i Bergen og hevdar han ikkje visste kva pengane skulle brukast til. Det seier forsvararen hans, Øystein Andersen.