NRK Meny
Normal

MC-førar til sjukehus etter velt

Ei kvinne i 60-åra er sendt til sjukehus i Lærdal etter ein MC-velt på fylkesveg 50 mellom Aurland og Hol.

Laster kart, vennligst vent...

VELT: Kvinna var med i eit følgje på fleire syklar då ho velta.

Uhellet skjedde i 20-tida mellom før ein kjem til Vassbygdi frå Aurlandssida.

– Kvinna var åleine på sykkelen, men var med i eit følgje då ho velta. Ingen andre køyretøy var involvert i uhellet, får NRK opplyst hos politiet.

Kvinna skal ha fått brotskader og er lagt inn ved sjukehuset i Lærdal. Politiet har førebels ikkje avhøyrt kvinna, og vil difor ikkje seie noko om årsaka til velten.

– Uhellet blir rutinemessig etterforska som med alle andre ulukker der det er personskade, opplyser politiet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser