Hopp til innhold

MC-førar til sjukehus

Ein motorsyklist vart køyrd til Førde sentralsjukehus etter ein hjortepåkøyrsle på E39 i Førde i natt. Ulukka skjedde ved Skilbrei like over midnatt. Politiet opplyser at motorsyklisten truleg fekk brotskader i ein arm. Hjorten vart funnen død.