Hopp til innhold

MC-førar skadd i kollisjon med buss

Føraren av ein motorsykkel er skadd etter at han kolliderte med ein buss i Låvisberget på Fylkesveg 50 i Aurland.

MC-ulykke i Aurland

Laster Twitter-innhold

– Ein motorsykkel og ein buss krasja i ein av dei nedste svingane på overgangen mellom Aurland og Hol, opplyser operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Føraren av motorsykkelen skal vere medviten og oppegåande, men ifølgje Alarmsentralen skal vedkommande vere moderat skadd. Ingen i bussen skal ha komme til skade.

Brannvesen og ambulanse er på staden. Politiet er på veg for å etterforske hendinga. Ifølgje operasjonssentralen er det mogleg å passere ulykkesstaden med bil.