NRK Meny
Normal

MC-førar sendt med luftambulanse etter ulukke

Ein MC-førar er lettare skadd etter å ha køyrt av vegen utanfor Lotetunnelen i Eid.

MC-ulukke Eid
Foto: Amalie Varpe Hammersland

– Eit einsleg køyretøy, ein motorsykkel, har mista kontrollen og køyrt av vegen. Ein person er lettare skadd, opplyser operasjonsleiar Kjetil Drange hjå Vest politidistrikt.

MC-føraren vart sendt med luftambulanse til sentralsjukehuset i Førde.

– Vi kjenner ikkje årsaka til kvifor MC-føraren kom av vegen, seier Drange.

Berre éin involvert

Ifølge vitne som NRK har snakka med, var det våt asfalt i området då ulukka hende.

Politiet opplyser til NRK at ulukka har skjedd utanfor tunnelen, på Eid-sida.

– Det er berre éin motorsykkel i trafikkulukka. Ingen andre er involvert, ifølge operasjonsleiar Drange.

AMK fekk melding om ulukka klokka 20.46.

Vegen open att

Lotetunnelen var ei stund heilt stengt etter ulukka. Vegmeldingssentralen melder klokka 21.32 at Lotetunnelen er open att for trafikk.

Bilbergar er på staden.

Også politiet melder klokka 22.28 at vegen er open for fri ferdsle att.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser