Hopp til innhold

May-Cecilie er reporter i ny TV-kanal i Sogn og Fjordane

No får også Sogn og Fjordane si eiga av avdeling av TV BRA, TV-kanalen av og for personar med utviklingshemming.

May-Cecilie Valvik, reporter i TV BRA

NYTT TILBOD: May-Cecilie Valvik frå Florø skal dekke Sogn og Fjordane for TV BRA.

Foto: Steinar Lote / NRK

Frå september skal Nett-TV kanalen ha innslag og sendingar frå Sogn og Fjordane for første gong. Men allereie denne helga debuterer May-Cecilie Valvik frå Florø som reporter.

– Eg gler meg til å møte folk, og til å intervjue folk og frå BRA svar, smiler den ferske reporteren.

Det har lenge vore jobba med å få etablert ei avdeling av TV Bra også i Sogn og Fjordane. I samband med kulturfestivalen for personar med utviklingshemming i Sogn og Fjordane vert det laurdag markering av at ho og fotografen Kristine Melvær, som utgjer avdelinga i Sogn og Fjordane, no er i gang med produksjonen.

– Då skal eg intervjue folk som er på kursa her og dei som er med dei, og vi skal kose oss og ha gode opplevingar, seier Valvik.

KULTURFESTIVAL: 250 personar deltek i helga på kulturfestivalen for utviklingshemma i Førde. Sjå video.

For 30. gong

I 1988 vart kulturfestivalen for personar med utviklingshemming arrangert i Sogn og Fjordane. Festivalen kom i stand som eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Norsk Forbund for Utviklingshemma.

Gry Sætre

STOR MARKERING: Festivalsjef Gry Sætre.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Målet er å gi dei eit godt kulturtilbod, men samstundes så ynskjer vi også å skape kultur. At dei skal få lov å lære noko som dei kan ta med seg attende til kommunane sine og kvardagen og kan fortsette kulturarbeid heime, seier festivalsjef Gry Sætre.

250 personar er denne helga samla i Førde for å delta på ulike kulturaktivitetar.

–- Dei skal vere med på band-verkstad, dei skal danse både hip hop og folkedans. Vi skal ha målekurs. Vi skal ha samspelgruppe og basseng, og teater og media, seier Sætre.

Utekonsert

Arrangørane kunne ikkje vore meir heldige med vêret når dei først skulle markere 30-årsjubileet. Over heile landet står den eine varmerekorden etter den andre for fall. Førde er ikkje noko unnatak.

– Vi har halde på samanhengande i 30 år, og då hadde vi lyst til å ha ein stor utekonsert. Difor så la vi festivalen i til mai og vi har vore så heldige med vêret. Så klokka 14 laurdag vert det ein stor utekonsert på elvetorget i Førde, seier Sætre.