Hopp til innhold

Bøna hennar vart ikkje høyrt

Etter å ha vunne fram også i lagmannsretten, bad ME-sjuke May Britt Hovland Pasientskadenemnda om å spare henne for ny ankesak. Bøna vart ikkje høyrd.

Montasje May Britt Hovland

NY RUNDE: May Britt Hovland frå Årdal må på nytt møte i retten etter at Pasientskadenemnda anka den mykje omtala vaksinedomen til Høgsterett.

Foto: privat/Scanpix

Pasientskadenemnda ankar nemleg saka mot May Britt Hovland frå Årdal til Høgsterett.

Både tingretten og lagmannsretten gav henne medhald i at ho fekk ME-sjukdomen etter å ha delteke i eit vaksineforsøk som 17-åring.

– Det er no bestemt at saka skal ankast, og den er anka inn for Høgsterett. Årsaka er at vi meiner lagmannsretten si avgjerd er feil, seier advokat Jan Aubert.

Kan skape presedens

Edmund Asbøll, som er advokat for Hovland, har ikkje vore tilgjengeleg for kommentarar i dag. Men Aubert, som representerer Pasientskadenemnda, seier saka er prinsipiell.

(Saka held fram under videoen)

ME-syke May Britt Hovland er lettet over å bli trodd, og håper staten vil spare henne for atter en ankesak. I en ny dom slås det fast at statens vaksiner mot hjernehinnebetennelse gjorde henne kronisk syk.

LETTA: ME-sjuke May Britt Hovland var letta etter avgjerda i lagmannsretten.

Han meiner at ein dom i denne saka vil få betydning for ei rekkje tilsvarande saker.

– Vi meiner lagmannsrettsdomen ikkje avgjer kva beviskrav som gjeld ved vaksinasjonssaker, og vi oppfattar også lagmannsrettsdomen slik at det kan tolkast slik at ein mogelegheit for årsakssamanheng er tilstrekkeleg noko pasientskadenemnda er usamd i, Aubert.

Bad om å sleppe ny anke

Hovland, som no er busett i Trondheim, var 17 år då ho i 1991 fekk vaksinen som skulle gjere livet hennar til eit mareritt. Først ein lang kamp for å bli trudd, og seinare for å vinne fram i rettsvesenet.

Jan Aubert

ANKAR: Advokat Jan Aubert representerer Pasientskadenemnda.

Foto: privat

Etter den førre rettsbehandlinga ba ho staten akseptere nederlaget og spare ho for ei ny rettsak .

– Eg kan veldig godt forstå at det kan vere ein belastning for Hovland å måtte gå igjennom fleire instansar, og kan eigentleg berre vise til at det blir sett på så viktig å få avgjort dette at det er naudsynt å anke, seier Aubert.