Hopp til innhold

Matvaregigant satsar på lokalmat

Fjoråret vart eit nytt toppår for lokalprodusert mat. I år forventar Coop Vest ei auke i salet på ti prosent. Men enno er ikkje taket nådd.

Geir Espe i Coop Vest

SATSAR: Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest, trur dei kan selje enno meir lokalprodusert mat dersom logistikken blir betre.

Foto: Silje Guddal / NRK

Geir Espe, administrerande direktør i Coop Vest, gler seg over gode tal, men meiner logistikken må bli betre om salet av lokalmat skal halde fram å vekse. Samstundes trengst det fleire produsentar for å møte etterspurnaden, spesielt rundt høgtidene.

– Kundane forventar at produkta er tilgjengelege i butikkane. Den største utfordringa er logistikken. Saman med produsentane må få til å eit system slik at vi får varene effektivt ut til kundane, seier han.

Lokalmat skaper engasjement

Coop Vest gjekk i fjor 13 millionar i pluss. Satsinga på lokalmat får ein del av æra, om enn indirekte.

– Vi blir ikkje rike på lokalmat. Men det viser det samfunnsansvaret og engasjementet vi har, samstundes som dei lokale produkta gjer butikkane våre meir interessante for kundane, seier Espe.

På butikkane hans får dei lokale produsentane godt med plass i eigne hyller. Satsinga verkar å ha gått heim hos kundane. Samstundes meiner Espe at lokalmaten har eit potensial som suvenirar for turistane.

– Eg tykkjer det blir feil at dei reiser heim med ei t-skjorte frå Kina, i staden for ein ost frå Undredal eller ei pølse frå Kandal, seier han.

Paul Nygård frå Kandal kjøt

OPPTUR: Pål Nygård frå Kandal Kjøt er ein av dei 65 produsentane som har fått plass på hyllene til Bakar-Jon på Byrkjelo. Han er ein av dei som nyt godt av oppturen til lokalmat.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Forbrukarane vil ha kvalitet

Fjoråret vart eit nytt toppår for lokale matprodusentar. Og ein av dei som har fått vere med på oppturen er nettopp Kandal Kjøt på Byrkjelo. Dei leverer til rundt tjue butikkar rundt om kring i fylket.

– Vi har hatt jamn auke heile vegen, seier Paul Nygård i Kandal Kjøt.

Distribusjonen tek dei seg hovudsakleg av sjølve, men enkelte leveransar går gjennom Tine. Nygård meiner meir medvitne forbrukarar skal ha æra for at lokalmat er i vinden som aldri før.

– Folk er blitt meir opptekne av kvaliteten. Ikkje nødvendigvis at varene er lokale, men at dei er baserte på tradisjonar og gode råvarer, seier han.

Prisen skremmer ikkje kundane

Ein av føregangsfigurane her i fylket når det gjeld sal av lokale smakar er Bakar-Jon på Byrkjelo. Der kan dei tilby eit utval frå heile 65 lokale og regionale produsentar.

Kaféansvarleg Janne Marie Solheim

TEK IKKJE SKREKKEN: Kaféansvarleg Janne Marie Solheim ved Bakar-Jon seier kundane ikkje let seg skremme av dei litt høgare prisane på lokalprodusert mat.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Mange som stoppar kvar gong når dei kjem forbi. Dei tykkjer det er kjekt når det er nye leverandørar sidan sist dei var her, seier Janne Marie Solheim, som driv kafeen på butikken.

Ho fortel at det er om lag halvparten tilreisande og lokale som handlar hos dei. Sjølv om prisane er høgare enn på den næraste matbutikken, skjer det aldri at kundane at kundane reagerer.

– Det kostar litt meir, men eg brukar å seie at det er verdt kvar krone, seier ho.