Hopp til innhold

Mattilsynet seier nei til bogejakt

Mattilsynet har avslått søknaden frå Norsk Hjortesenter om å få gjennomføre dyreforsøk med pil og boge.

Hjort i haustfargar

NEI: Etter avslaget frå Mattilsynet kan ikkje prøveprosjektet med å felle hjort med pil og boge på Svanøy, realiserast.

Foto: Leo Johnson

– Ønsket om bogejakt veg ikkje opp for den lidinga dyra kan bli påført, meiner Mattilsynet.

Ville undersøkje avlivingseffekten

Målet med forsøka på Norsk Hjortesenter på Svanøy i Flora skulle vere å undersøke avlivingseffekten av pil og boge, samanlikna med rifle. Bakgrunnen for saka er ein søknad frå Norsk Buejegerforbund om å tillate jakt med pil og boge også i Norge.

Mattilsynet meiner det ikkje er forsvarleg å teste drepeeffekten til pil og boge gjennom forsøk på dyr.

– Forsøket vil påføre dyra smerte. Vi ser ikkje at det er tilstrekkeleg tungtvegande grunnar for å gjennomføre forsøket, seier seniorrådgjevar Baard Birkeland i Mattilsynet til NTB.

Avslaget er endeleg

Saka blei først behandla i Forsøksdyrutvalet og deretter av Mattilsynet. Avslaget på søknaden frå Norsk Hjortesenter er endeleg.

Mattilsynet peikar på at dyreforsøk berre skal vere tillate om det ligg tungtvegande samfunnsmessige eller vitskapelege behov til grunn.

– Vi meiner ønsket om bogejakt ikkje veg opp for den lidinga forsøket kan påføre dyra. Om vi skal teste ut nye metodar for å avlive dyr, må føremålet vere å betre dyrevelferda. Her er ikkje motivet på dyras si side, seier Birkeland.

NOAH jublar

Dyrevernorganisasjonen NOAH er glade for at Mattilsynet set ned foten for bogejakt. No håper dei siste ord er sagt i saka.

– Det var med glede vi fekk meldinga om at Mattilsynet støttar Forsøksdyrutvalet sitt vedtak om ikkje å tillate forsøk med pil og boge på levande dyr, seier veterinær Siri Martinsen i NOAH.