NRK Meny
Normal

Mattilsynet ønskjer ikkje lovpålagt ID-merking av kattar

Dyrlege vil ha lovpålagt ID-merking av kattar for å få bukt med kattedumping. Men Mattilsynet meiner eit påbod blir for vanskeleg å handheve.

Kattunge som blei dumpa på Vassenden

I DÅRLEG FORM: Denne kattungen blei funnen i vegen fredag, og teken med til dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø.

Foto: Hanne Husebø Kristensen

Torsdag førre veke vart to forkomne kattungar funne dumpa i ein konteinar i Flora. Dagen etter blei ein katt funnen i vegen på Vassenden. Dyrlege Hanne Husebø Kristensen i Florø meiner lovpålagt, obligatorisk ID-merking av alle kattar er eit riktig første steg for å få bukt med problemet.

Det er ikkje seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet Torunn Knævelsrud samd i.

– Mattilsynet meiner alle katteeigarar skal ID-merke, kastrere og sterilisere kattane sine, men vi trur ikkje at eit lovpålagt krav om chipmerking er løysinga. Det er alt ulovleg å dumpe kattar. Det er lite tenkjeleg at folk merkar katten først, og så dumpar den, seier ho.

Informasjon

Knævelsrud trur ikkje et påbod vil gjere så mykje med dagens situasjon, og meiner dessutan det vil vere vanskeleg å handheve.

– Det er vanskeleg å handheve eit regelverk der ein ikkje veit kven ein skal rette vedtak mot. For ein veit ikkje kven som er eigaren viss ikkje katten er ID-merka. Vi kan ikkje drive rutinemessig tilsyn i heimane til folk.

Seksjonssjef for Dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud

TRUR IKKJE PÅ PÅBOD: Seksjonssjef for dyrevelferd i Mattilsynet, Torunn Knævelsrud, ønskjer at katteeigarar skal ID-merke kattane sine, men har ikkje tru på at eit påbod er vegen å gå.

Foto: Mattilsynet

Knævelsrud viser til at Mattilsynet for nokre år sidan gjorde ei utgreiing av fordelane og ulempene ved forskriftsmessig ID-merking.

– Vi kom til at det ikkje er hensiktsmessig å ha forskrifter som er så vanskeleg å føre tilsyn etter, og der det er vanskeleg å fatte vedtak mot dei som bryt regelverket.

Knævelsrud har meir tru på informasjon og haldningsendingar for å få folk til å ta ansvar.

Sjølvfølgje

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen meiner eit krav om merking vil gjere at folk i større grad stiller krav til dei som har kattungekull.

– Eg trur ID-merking vil bidra til at den jamne katteeigar spør seg om ein vil ha eit kattungekull og kan ta ansvar for det. Då må ein også sørge for at kattungar blir ID-merka før dei får nye eigarar.

Hanne Husebø Kristensen

VIL HA LOVPÅLAGT ID-MERKING: – Med eit påbod i bakhand kan du ta affære på ein heilt anna måte enn i dag, seier dyrlege Hanne Husebø Kristensen.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ho seier det er synd om ein ikkje gjennomfører tiltaket fordi praktiske sider kan vere utfordrande.

– Apparatet med å sjekke om ein katt er merka finst allereie gjennom oss som praktiserer, hos Mattilsynet og Dyrebeskyttelsen. Dette må vi ta over tid når dei kjem inn, seier ho.

Første steg

Knævelsrud trur eit problem vil vere at mindre ansvarlege katteeigarar ikkje tek med kattane sine til veterinær. Men dyrlegen i Florø er sikker på at eit påbod er rett førstesteg.

– Vi veit om mange stadar der det aular av kattar. Med eit påbod i bakhand kan du ta affære på ein heilt anna måte enn i dag. Vi må begynne ein stad, og få på plass eit slikt påbod. Det er alle praktiserande veterinærar og Veterinærforeningen einige om, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune