NRK Meny
Normal

Mattilsynet melder lakseoppdrettar

Ein lakseoppdrettar i Sogn og Fjordane er meld til politiet for å ha oppgitt ukorrekte tal for lakselus i anlegget.

Lakselus
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

– Vi har funne at det ikkje er samsvar mellom dei lakselustala selskapet har registrert i sine eigne system, og dei tala dei har rapportert inn til Mattilsynet, seier Hallgeir Herikstad som er regiondirektør i Mattilsynet Sør og Vest.

Han seier lakselus er ei stor utfordring i norsk oppdrettsnæring, og at det difor er viktig at næringa rapporterer inn førekomsten av lakselus i anlegga sine. Dette er eit viktig bidrag for å få kontroll på problema med lakselus, skriv Mattilsynet i ei pressemelding

– Mattilsynet har mange verkemiddel i verktøykassa når vi driv tilsyn. Å melde nokon til politiet er eit av dei sterkaste verkemidla vi har, og noko vi gjer berre i dei mest alvorlege sakene, anten det gjeld fiskehelse eller dyrevelferd, seier Herikstad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser