Hopp til innhold

– Vi har hatt smittsam sjukdom på villrein i Noreg. Vi er veldig redde for at den kan spreie seg

Mattilsynet fryktar at den den dødelege skrantesjuka skal spreie seg til hjort.

Hjort

FORBODE: Frykt for skrantesjuke-smitte gjer at Mattilsynet har forbod mot å mate ville hjortedyr.

Foto: Arne Flatin / NRK

Mattilsynet fryktar spreiing av skrantesjuke når hjorten flokkar seg rundt matfatet. Difor er det forbode å mate ville hjortedyr.

Med vinter, snø og minusgrader om hjørnet, kan folk la seg freiste til å leggje ut fôr til hjort som strevar med å finne mat. Men det er ikkje lov å legge ut verken fôr eller slikkesteinar til ville hjortedyr. Sidan 2016 har Mattilsynet hatt eit fôringsforbod for ville hjortedyr over heile landet.

– Vi har hatt smittsam sjukdom på villrein i Noreg. Vi er veldig redde for at den kan spreie seg utover, difor er det om å gjere at dyra ikkje samlar seg på plassar og et av same matfat, seier Anne Marie Jahr, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

Strengt

Det er til no berre i Nordfjella den smittsame varianten av skrantesjuke er påvist, og Mattilsynet er derfor ekstra bekymra for smitte i dei tilgrensande områda her.

– Sjølv om vi har teke over 60.000 prøver, kan vi ikkje vere sikre på at vi ikkje har smitte andre stader i landet. Derfor er det framleis viktig med fôringsforbodet, opplyser Jahr.

I haust har det vore ei storstila testing for å kartleggje smitte blant hjortedyr.

– Så lenge vi jobbar med å få kartlagt korleis sjukdomen eventuelt kan vere utbreitt, må vi vere veldig strenge.

Likevel kan det søkjast om unntak frå fôringsforbodet i tilfelle der det er kritisk for dyra.

Ikkje behandling

Det eksisterer ikkje behandling mot skrantesjuka, og sjuke dyr blir påført store lidingar.

– Blir dyra smitta, døyr dei etter kvart, seier Jahr.

– Skulle dette spreie seg til andre delar av landet, er det snart at vi mister kontrollen, og då må vi kanskje gi opp å avgrense smitta. Difor er det viktig å gjere aktive tiltak no.

Ein tørr og varm sommar førte til at mange bønder fekk for lite fôr og måtte importere. Importert fôr utgjer ein særleg risiko, ifølgje Mattilsynet.

– Burde hatt andre tiltak

Johan Trygve Solheim ved Norsk Hjortesenter deler styresmaktene si uro for at den frykta skrantesjuka skal smitte over til hjort.

– Det hadde vore katastrofalt. Hjorten held seg heller ikkje i visse område, men vandrar.

Men Solheim er ikkje sikker på at fôringsforbodet er det mest effektive tiltaket. Han viser mellom anna til at hjort likevel samlast, til dømes ved rundballar, eller der bønder legg ut fôr eller saltsteinar til husdyr.

– Så i praksis betyr dette kanskje ikkje så mykje, meiner han.

Solheim nemner bestandsredusering som eit aktuelt tiltak, men berre om det blir gjort på riktig måte. Ein må mellom anna ta omsyn til alderen på dyra og kjønnsbalansen i ein flokk, meiner han.

– Elles kan ein risikere større vandring, og bidra til auka smitterisiko.