Hopp til innhold

Låg skadd på isen i 90 minutt

Då Marie Jeanne Nijimbere datt på isen, blei ho liggjande ute i ti minusgrader med broten fot. Det tok ein og ein halv time før ambulansen kom til staden.

Det er Sogn Avis som i dag fortel om kvinna i Vik som blei liggjande hjelpelaus i kulden.

– Det er uakseptabelt, det er vanskeleg å forstå korleis ein pasient kan ligge ute i 10 minusgrader, utan å få hjelp, seier sonen Jonathan Nahayo til NRK.no.

Ambulansen var ikkje i bygda

Jonathan Nahayo

UAKSEPTABELT: Jonathan Nahayo reagerer på behandlinga mora fekk.

Foto: Privat / NRK

Då mora hans datt på isen måndag kveld i Vik, var ikkje ambulansen i nærleiken.

– Me ringte 113 klokka halv fem. Då legen kom til staden kvart på fem, sa han at me ikkje kunne få ambulanse med ein gong, fordi ambulansen ikkje var i bygda og måtte køyre frå Balestrand.

– Eg spurte legen kvifor me skulle vente på ambulanse frå Balestrand og då sa han at dei ikkje hadde nok ambulansepersonell til å koma, seier Nahayo.

Brukte ei dør

I Vik sto reserveambulansen, men AMK fann ikkje personell til å bemanne den. Marie Jeanne Nijimbere hadde brote foten og for å hjelpe ho med å halde varmen, sprang sonen til naboar for å få låne teppe.

– Folk som budde i nærleiken kom med teppe, underlag og varmeflasker. Etter ei stund hjelpte naboar også til med å flytte ho inn i ein butikk i nærleiken. Me måtte bruke ei dør for å frakte ho til butikken, seier Nahayo.

Då hadde Nijimbere allereie låge ute i ein time og 20 minutt. Først kl. 18:16 kom ambulansen til staden.

Det var kaldt og ho vart liggjande der veldig lenge, det var ei skummel oppleving for heile familien, seier Nahayo.

Ikkje nok personell

– Me prøvde å få ut reserveambulanse, men hadde ikkje mannskap i Vik, seier avdelingssjef i Helse Førde, Robert Brennersted, til Sogn Avis.

Han vil ikkje uttale seg om kva som har blitt gjort eller ikkje gjort i denne saka, sidan han sjølv ikkje var på staden, men seier til Sogn avis at opplysningane tyder på at publikum og tilsette ved Vik bygde og sjukeheim har gjort ein framifrå innsats.

– Det hender at det oppstår episodar der ressursane i kommunen må samordnast med spesialhelsetenesta, seier Brennersted til Sogn avis.