NRK Meny
Normal

Ung mann la alle korta på bordet - måtte likevel vente månadsvis på dom

Sogn tingrett kjem med kritikk av politiet, etter at det gjekk heile 10 månader frå ein ung sogning la alle korta på bordet i ei narkosak, til han kunne dømmast i retten.

Norges lover

DØMD: 20-åring frå Sogn må sone samfunnsstraff etter kjøp av hasj.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Ein tjue år gamal mann frå Sogn la alle korta på bordet, men måtte likevel vente 10 månader før han fekk narkosaka si opp for tingretten.

Retten meiner politiet brukte for lang tid på saka, og meiner det er formildande for mannen.

– Vidare i formildande retning er tida det tok med sakshandsaming hos politiet. Det har gått nær 10 månader frå sikta tilstod i avhøyr hos politiet til saka kom opp for retten, utan at det ligg føre opplysningar om at sikta kan lastast for dette, skriv dommaren.

Då mannen blei teken av politiet i februar i fjor, tilstod han alt han blei skulda for. Ved fleire høve frå sommaren 2012 til februar 2014, kjøpte han mellom fem og 50 gram hasj som han heilt eller delvis brukte.

Totalt kjøpte 20-åringen kring eit halvt kilo av det narkotiske stoffet, og han skal også ha gjeve vekk nokre gram til ulike personar.

Retten dømde han til 80 timar samfunnsteneste, og peikar i dommen på at han var ung då ugjerningane skjedde, og at han er tidlegare ustraffa.

– Han synest å ha brote med det narkotikamiljøet han tidlegare var i, og han har fokus på jobb, kjærast og andre vener, heiter det i dommen frå Sogn tingrett.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser