Hopp til innhold

Snø og regn stogga repareringsarbeidet

For kring ein månad sidan rasa delar av Engjadalsvegen i Luster ut. Etter planen skulle ei mellombels løysing vere på plass no, men det sette regnvêret ein stoppar for.

Engjadalsvegen

UTSETT: Målet var å opne Engjadalsvegen i Luster før helga, men no er det utsett ei veke grunna dårleg vêr.

Foto: Luster kommune

Det fortel einingsleiar ved teknisk drift i Luster kommune, Terje Arild Kveane.

Den kommunale vegen går frå Gaupne sentrum til Engjadalen har vore stengd for all ferdsle sidan 26. februar etter at delar av vegen raste ut då ein 60 år gamal mur sa takk for seg.

Opnar til neste helg

Målet var at vegen skulle vere klar til bruk igjen no til helga, men slik vart det ikkje.

– Den veka som var fekk vi ikkje gjort det vi skulle grunna vêret. Først kom det snø og så vart det mykje regn. Men no er det meldt fint vêr, så vi satsar på at vi skal få laga til slik at folk kan komme opp og ned av Engjadalen i alle fall til neste helg, seier Kveane.

Engjadalsvegen vert hyppig nytta av folk som har hytter i området, men Kveane kan altså garantere at vegen vil vere opna når hyttefolket kjem til påske.

– Det er ikkje eit problem i det heile teke. Vi har klart å få lagt om vegen oppi svingen slik at det skal gå an å passere, men vi må få på plass noko rekkverk først, og det skal vi få gjort ein av dei første dagane etter helga, seier han.

Ikkje permanent løysing før mai

Sjølv om det no ser ut til å ordne seg ganske raskt, var han ikkje like blid på vêret i førre veke.

– Eg vart litt skuffa for vi hadde håpt å få det til før helga. Men no ser det bra, så no er eg optimist.

Men ei permanent løysing for vegen vil nok ta litt lenger tid å få på plass.

– No må det prosjekterast ein betongmur der, og så må vi få folk på plass til å byggje den, så vi snakkar nok heilt sikkert om mai månad før ein permanent løysing er på plass, seier Kveane.