NRK Meny
Normal

Måtte til lege etter å ha vorte slegen til

Ein gut i slutten av tenåra måtte til lege etter å ha vorte slegen til i fjeset fredag kveld.

Politilogg
Foto: Håvard Raustøl

Hendinga skjedde på Campus i Sogndal. Fornærma vurderer å politimelde det som skjedde.

Tidlegare fredag kveld fekk politiet i Førde klagar på høg musikk frå Festplassen midt i Førde sentrum. Politiet kom til staden og fekk dempa musikken. Ei rusa jente i slutten av tenåra vart også køyrd heim.

Også i Sogndal måtte politiet rykkje ut for å få ned lydnivået frå feststemde folk ved Campus.

Ei stund over midnatt natt til laurdag fekk politiet melding om at to personar slost i ein matkø på kaien i Balestrand. Då politiet kom til staden, hadde partane gått kvar til sitt.

I 01-tida fekk politiet melding om at det var knust ruter på to bilar ved Granden. Politiet er interesserte i tips.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser