Hopp til innhold

Måtte til Danmark for å spele inn sommarvideo

Artisten Eirik Sognnes frå Lærdal vart lei av å vente på den norske sommaren.

Eirik Sognnes

IKKJE SÆRLEG KUPERT: Eirik Sognnes i flate, men likevel idylliske omgjevnader i Danmark.

Foto: pressefoto

Han har hatt den mest spelte sommarlåten i sendingane til NRK Sogn og Fjordane i år med «Lun Sommarvind». Men den lune sommarvinden har vore fråverande på Vestlandet i sommar, difor har det ikkje blitt noko av dei planlegde musikkvideoopptaka med fjord og fjell.

– Vi hadde ein plan om å filme i veldig vestlandsk landskap med fjordar og fjell. Men låten handlar om sommarkjenskle og sommarforelsking, og då kunne vi ikkje ha tunge, grå skyer i biletet. Dei skyene forsvann ikkje, iallfall ikkje når vi hadde tid.

Til slutt måtte han bite i graset og reise til det paddeflate Danmark for å få spelt inn musikkvideo.

– Ein felles studiekamerat av oss som er oppvaksen i sommarparadiset Skagen hadde snakka med oss i årevis om kor fint det er der. Han ringde til oss i sommar og sa at han kunne garantere vakre bilete og godt sommarvêr.

Eirik Sognnes

– FINT RESULTAT: Eirik Sognnes er godt nøgd med musikkvideoen.

Foto: pressefoto

Kom seint, men godt

Dermed drog dei til Skagen, og resultatet er Sognnes veldig godt nøgd med.

– Veldig bra. Musikkvideoen kom ut måndag, og det vart sommarleg nok med jenter i sommarkjole og ektepar på picnic, så eg meiner at vi absolutt fekk formidla varmen og sommaren i videoen.

– Men videoen kom vel seint til å vere ein sommarlåt?

– Det er heilt korrekt. Det tek litt tid å filme, og etterarbeidet tek tid. Men resultatet er fint, utan at eg skal ta så mykje ære for det, eg sang berre og vrikka litt på hoftene.

Eirik Sognnes har nett flytta til Bergen, der han har eit band samansett av barndomskameratar frå Lærdal.

– Vi satsar på å spele saman i lang framtid.