NRK Meny

Måtte til Bergen for å satse vidare som sleggekastar

Det blir lengre og lengre mellom kastringane i hovudstaden. Det tvang Trude Raad (26) til Bergen for å halde fram som friidrettsutøvar.

Trude Raad tek gull i slegge under NM

VURDERTE: Dårlege treningsforhold for kastarar i Oslo gjorde at Trude Raad vurderte å gi seg som friidrettsutøvar. Så flytta ho til Bergen for å halde fram satsinga.

Foto: Rune Fossum / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Laurdag leverte ho tidenes sesongopning.

– Det var eit satse eller ikkje. På grunn av snø og at det nesten ikkje er kastringar att i Oslo, var det ikkje mogleg å trene ut om vinteren siste åra. I Bergen er det noko heilt anna, seier GFIL-utøvaren.

Nøgd trenar

Trude Raad

VILLE MEIR: – Lengdene i dag har eg eigentleg vore stabil på i treninga, så eg hadde eigentleg håpa at det slo ut med eit par meter ekstra i dag. Men eg ville for mykje, seier Trude Raad.

Foto: Jørund Årdal

Laurdag fekk Trude Raad ei bestenotering på 64.20 under kastcupen på Gran Canaria. Det gav henne 6.-plass i B-puljen. Plasseringa bryr ho seg ikkje om. For etter år med stagnasjon, ser Raad ei positiv utvikling.

Det gjer også landslagstrenar Jørund Årdal.

– Trude er på sitt beste i dag, og berre 83 centimeter frå sin eigen personlege rekord. Dette er den sterkaste sesongopninga ho nokon gong har levert, så eg spår ny krinsrekord om kort tid, seier han.

Stortalentet stagnerte

Jørund Årdal og Anders Felde

I FORM: Trenar Jørund Årdal (t.v.) meiner Trude Raad aldri har vore i betre form enn ho er no.

Foto: Rune Fossum / NRK

Årets idrettskvinne frå 2008 har ei rekkje aldersbestemte bestenoteringar og før Raad vart seniorutøvar representerte ho også Norge i større meisterskap. Som senior er det blitt ei lang rekkje NM-medaljar i slegge, diskos og kulestøyt.

– Eg sleit i mange år med magetrøbbel og det gjekk utover treninga. Då eg fekk orden på magen for eitt par år sidan, byrja det også å losne att på trening, seier ho.

Så kom problema med tilgang på kastringar i Oslo. Med fast jobb på dagtid vart alternativet lange turar på kveld- og ettermiddag for å trene.

Flytta til Bergen

– Skulle eg halde fram i Oslo, så hadde det blitt ei økt i veka og hobbyutøvar. Men eg føler eg har så mykje meir inne enn det eg har vist, seier Raad som dermed flytta til varmare vinterklima i Bergen i februar i fjor.

Thomas Mardal

LUKKAST IKKJE: Thomas Mardal (GFIL) fekk berre eitt godkjent kast under sleggekonkurransen for U23-utøvarar på Gran Canaria. – Thomas har inne mykje lengre kast enn 59,62. Men han har trena inn ny teknikk, så dei lange kasta vil komme, seier trenar Jørund Årdal.

Foto: Jørund Årdal

Her fekk ho seg ny jobb og kom inn i eit stort og godt kystmiljø.

– Det er stor skilnad. Eg har kasta ute gjennom heile vinteren, og det er kort veg heim for å få nokre skikkeleg gode økter. No går det rette vegen. Eg har aldri kasta så langt på vinteren, seier 26-åringen.

Siktar mot EM

Raad ser no så positivt på eiga utvikling at ho siktar mot EM-debut neste år.

– Skal eg klare kravet til VM i år må eg fem-seks meter opp. Det blir for tøft. Kravet til EM neste år er 68 meter, og det kan gå, seier ho.

I år er det OL for døve i Tyrkia i midten av juli og NM som er dei store måla. I fjor vart det NM-bronse. I år håpar Raad å bite betre ifrå seg i konkurranse med Mona Holm Solberg og Beatrice Nedberge Llano.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar