Hopp til innhold

Måtte ta av BH-en på flyplassen

Herdis Moldøen (32) vart beden om å ta av seg BH-en då ho skulle reise frå Førde lufthamn Bringeland. – Det var ei dritflau oppleving, seier ho.

Herdis Moldøen/Førde lufhamn
Foto: Privat/Bernt Olsen-Hagen, Avinor

Moldøen stod først i tryggingskontrollen, med resten av passasjerane i kø bak seg då ho vart stoppa av vektarane som ikkje ville sleppe ho gjennom. Det skriv firda.no.

Ho skulle til Oslo lufhamn Gardermoen, men for å få lov til å setje seg på flyet måtte ho ta av seg BH-en, for det peip nemleg i tryggingskontrollen.

Trudde det var ein spøk

Skoa måtte av, utan at det hjalp. Det fortsette å pipe. Då vektaren undersøkte Moldøen med ein handhaldt metalldetektor viste det seg at det var hempane i BH-en som gjorde utslag.

Då fekk ho beskjed om å ta den av seg, og vart vist til toalettet.

– Det var ingen kvinnelege vektarar på jobb, så dei ville ikkje sjekke BH-en. Difor måtte eg ta den av meg, seier Moldøen.

32-åringen trudde det heile var ein spøk, men det var det ikkje. Ho har gjenfortalt heile historia på bloggen sin.

Gjekk fint på Gardermoen

Då Moldøen kom ut igjen frå toalettet, BH-laus, følgde dei andre passasjerane med ho og lo, ifølgje ho sjølv.

– I tillegg til at eg gjekk der nesten naken, peika vektaren på ein brødpose, og meinte eg kunne ta BH-en i den. Men den var jo gjennomsiktig. Til slutt fant han ein Narvesen-pose. Det var veldig pineleg, seier ho til NRK.no.

– Når ein kan reise med den same bekledninga frå Gardermoen til Bringeland, men ikkje omvendt den same dag - ja, så er det litt rart.

Lufthamnsjef: – Drygt

Lufthamnsjef i Førde, Kjell Otto Gjesdal, seier til firda.no at han har full forståing for at Moldøen tykte hendinga var ubehageleg.

– Dette høyrest drygt ut. Eg har aldri høyrt at noko liknande har skjedd her, seier lufthamnsjefen.

Gjesdal forklarar at det berre er produsentane av tryggleikskontrollane som kan stille på styrkenivået. Følsomheita til kontrollen er innanfor EU sine verdiar, ifølgje lufthamnsjefen.

Han fortel at var det sjukdom som gjorde at det ikkje var kvinnelege vakter på jobb denne dagen.