Hopp til innhold

Måtte stenge tunnel på grunn av mykje eksos

Stor trafikk har ført til at Statens vegvesen måtte stenge Gudvangatunnelen på E16. Årsaka er svært forureina luft.

Lange køar

STENGD TUNNEL: Det samla seg raskt lange køar i Flåm, då Gudvangatunnelen vart stengd.

Foto: NRK-tipsar

– Vi har fått melding om for høge gassverdiar, og då er vi pliktige til å stenge, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen i Lærdal.

På grunn av dårleg vêr i fjellet har Statens vegvesen oppmoda folk om å starte heimfarten allereie første påskedag. Det har mange lytta til, og klokka 13.40 var trafikken så stor at Statens vegvesen måtte stenge Gudvangatunnelen på grunn av mykje eksos.

Laster Twitter-innhold

– Når eg ser på kameraet som vi har i Gudvangen, så ser eg at trafikken har auka forrykande berre den siste timen, seier Molvær.

Rv 7 Stengd for personbilar

Riksveg 7 over Hardangervidda er no stengt for personbilar. Det fører til at mykje av trafikken aust vest no går via Gudvangatunnelen og Filefjell eller Aurland–Hol. Også Flenjatunnelen er stengd, og Statens vegvesen oppmodar dei som står i kø om å slå av motoren.

– Det er nok ein kombinasjon av store trafikkmengder og kanskje litt liten viftekapasitet, seier Molvær.

Klokka 14.37 melder Statens vegvesen på Twitter at tunnelen er opna igjen.

Laster Twitter-innhold

Molvær fryktar at den store trafikken gjer at dei må stenge fleire gonger i dag.

– Vi har erfaring med at når vi stenger tunnelen så samlar det seg fort så store køar at når vi opnar igjen så blir tunnelen fort fylt med eksos igjen, seier Molvær.

Og fryktar var ikkje utan grunn, klokka 15.06 er tunnelen stengd igjen.

Laster Twitter-innhold