Hopp til innhold

Måtte stenge tunnel

Vindfylletunnelen på riksveg 15 mellom Måløy og Nordfjordeid måtte stengjast i ein kort periode i ettermiddag. Årsaka var at det hadde rasa ned stein i vegen som måtte ryddast. Ein bil unngjekk store skader då den køyrde inn i steinane, men Statens vegvesen valde då å stengje tunnelen. Tunnelen er no open.