Hopp til innhold

Måtte stenge i frykt for tryggleiken til spøkelsesjegerar

Harastølen har vore ein populær stad for folk på spøkelsesjakt. I haust måtte eigaren stenge av det gamle tuberkulosesjukehuset på grunn av tryggleiken, men til sommaren kan det bli etterlengta opprusting.

Sanatoriet på Harastølen

RUVAR I TERRENGET: Ein gong var det eit påkosta og moderne sjukehus. No har Harastølen stått tomt i over 20 år.

Foto: Tone Merete Lillevangstu / NRK

På ei fjellhylle 500 meter over Lustrafjorden finn ein det store og gamle mursteinsbygget, som i fleire år har samla nyfikne personar på jakt etter det overnaturlege. Eigaren av Harastølen, Tinfos, valde å stenge av det over 100 år gamle bygget i frykt for tryggleiken. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

– Av omsyn til både folk og fe, så måtte vi stenge av sanatoriebygget med eit byggegjerde. Vi skilta med eit skilt om at det var avgang forbode, seier Øyvind Odden.

Det gamle sanatoriet i Luster blei bygd som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar. Seinare har bygget blitt brukt som både psykiatrisk sjukehus og asylmottak. Sidan tidleg 1990-talet har det stått tom, og hovudbygningen har forfalle mykje dei siste åra.

Det ligg mykje historie i dei solide murveggane, noko som gjer det til ein ettertrakta stad for spøkelsesjakt og innspeling av skrekkfilm. Alle på jakt etter skrekk i kvardagen har sidan i haust måtte finne det ein annan stad.

– Vind kan gjere at snø, is og takstein fell ned frå taket. Vi vil ikkje at folk skal gå inn og tru at det er trygt, når det ikkje er det, seier Odden.

Båre og rullestol

TIL FORFALL: Harastølen blei bygd som ein behandlingsstad for tuberkulosepasientar. Seinare har det blitt brukt til både asylmottak og psykiatrisk sjukehus.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Håpar på opprusting til sommaren

Fleire gonger har bygningen fått sin dødsdom. Til sommaren ser det ut til at det 5.000 kvadratmeter store bygget kan ta eine foten ut av grava.

– Vi håper å få i gang renovering på Harastølen frå sommaren av. Vi har blant anna inne ein søknad hjå Kulturminnefondet. Dei har vurdert dette til eit kulturminne som bør bli bevart, seier Odden.

Ei investorgruppe har laga planar for å byggje hotell og restaurant. Tinfos har tru på at dette kan bli noko av, men først vil dei sikre bygningen.

– Vi må ta tak i det utvendige. Dette gjeld tak, vegger og vindauge. Vi må sikre bygningen, og så få aktivitet i den att, seier Odden.

Sanatoriet sett frå Berge

FORFALL: 2. november 1902 kom den første pasienten til Lyster sanatorium. Sidan 1990-talet har bygningane stått til forfall.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK