Måtte stenge avdeling etter hærverk

Etter at vandalar knuste ruter i Storevatn barnehage i Florø, måtte dei halde småbarnsavdelinga, samt noko av uteavdelinga stengt, skriv Firdaposten. Det var pulverisert glas i senger, sovevogner, utstyr og på utsida av bygget.