NRK Meny
Normal

Måtte sleppe ut att makrellstørjer

Flora-båten «Bluefin» fekk så mange makrellstørjer vest for Ona i Møre og Romsdal at dei måtte sleppe ut om lag 30 av dei for å ikkje fiske meir enn kvoten båten er tildelt.

Mannskapet på MS Bluefin og litt av fangsten av makrellstørje

NØGD GJENG: Mannskapet på«Bluefin» får mellom tre og fire millionar kroner i netto på fisket etter makrellstørje.

Foto: Linn Theres Reksten Nekkøy / Privat

For med det siste kastet onsdag kveld kjem mannskapet på «Bluefin» opp i rundt 42 tonn, som er den kvoten dei kunne fiske, skriv Fiskeribladet.

Om bord i båten kom 78 størjer, om lag 14 tonn. Torsdag klokka 10 vart fisket stansa.

Til NRK seier skipper og reiar Atle Magne Nekkøy at dei kanskje har fiska eit par tonn over kvoten, og at dei så langt har fått bra prisar.

– Prisane har vore greie for vår del, ikkje veldig høge, men dei har stått til forventningane våre. Det er også mykje utgifter med dette fisket, men vi håpar å sitte att med mellom tre og fire millionar kroner i netto.

– Det er vel ikkje så gale?

– Nei, samanlikna med alle andre fiskeri så er det greitt. Men det har vore mykje arbeid med det, og vi har brukt vel tre veker på det, så det treng no vere såpass.

– Ekstra stort

I tillegg til inntekta vedgår Nekkøy at det også er moro å jakte på den store og spretne fisken.

– Det er eit interessant og ikkje minst spennande fiskeri. Det er i grunnen all slags fiske, men dette er ekstra stor. Det er store fiskar vi arbeider med, og det er noko av det beste av det beste.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.

LOSSING: Den siste fangsten skal leverast i Florø.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Grunnlag for auka kvote

Til Fiskeribladet seier Nekkøy at makrellstørja jaktar etter makrellyngel.

– Vi har fylgt med dei og sett at dei går med ein fart på 3,5 til 4,5 knop. Plutseleg kan dei svinge 40 grader, og då finn dei ein flekk med makrellyngel. Då går dei i full fart gjennom stimen og et. Etterpå held dei fram på den kursen dei hadde.

Atle Magne Nekkøy meiner det er grunnlag for å auke kvoten på makrellstørje.

– Vi har sett så mykje fisk. Størja finst overalt i Norskehavet, Skagerrak og langs norskekysten. Det at vi, ein einsleg båt, har sett fisk og kan kaste på den kvar dag, tilseier at det er mykje av denne fisken.

MS "Bluefin"

KLAR FOR NYTT FISKE: Neste veke skal «Bluefin» i gang med makrellfiske i Smutthavet.

Foto: Skipsrevyen
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.