Hopp til innhold

Måtte slå av éin motor: – Eg såg at noko var gale

Eit Widerøe-fly frå Oslo til Førde måtte snu og returnere til Gardermoen i ettermiddag. Det var ei sjeldan oppleving både for passasjer Emil Jansgård Rasmussen og kapteinen.

Sjå video frå lufta då eit fly frå Oslo til Førde fekk motortrøbbel

UTSIKT: Emil Jansgård Rasmussen såg rett ut då motoren vart sløkt og propellen slutta å rotere i normal fart.

– Kapteinen sa til oss at han hadde flydd over 30 år, og at dette var første gong det skjedde han, seier Rasmussen.

Han var på veg heim til Førde, og fekk god utsikt til det som skjedde frå sitt sete ved vindauget.

– Eg sat med propellen og såg det. Eg skjønte at noko var gale. Så fekk vi informasjon frå kapteinen om at han måtte skru av éin av motorane og at vi måtte snu og lande, seier Rasmussen.

– Widerøe: Vi mista ein tryggleiksbarriere

Richard Kongsteien, informasjonsdirektør i Widerøe, stadfestar historia. I 19000 fots høgde, rundt 20 minutt etter flyet letta, fekk den eine motoren veldig høgt turtal, seier han.

– Kapteinen bestemte seg for å stenge av motoren og returnere til Oslo. Å stenge ned ein motor er i seg sjølv udramatisk. Flya går fint på éin motor. Det vi ikkje likar er at vi då mistar ein av tryggleiksbarrierane. Difor bad vi om ei prioritert landing, seier han.

– Er turtalet auka manuelt eller er det noko som har skjedd i motoren?

– Dei førebelse rapporten indikerer at turtalet gjekk opp av seg sjølv. Det var ikkje ei handling frå crewet. Difor valde dei å stengje ned motoren, seier Kongsteien

Vidare undersøkingar av flyet i kveld

Flyet landa på Gardermoen 15.45, og er no teke inn til hangaren for at Widerøe skal undersøke kva som er årsaka til hendinga og for byte av motor.

– Det er heldigvis sjeldan at vi må stenge av ein motor i lufta. Dette er ting vi tek på alvor.

– Blir andre fly sjekka som følgje av dette?

– Ikkje automatisk. Med 450 landingar om dagen og to sett med motorar i lufta heile tida, vil det frå tid til anna skje mekanisk svikt med ein motor. Vi har ingen grunnar til å tru at dette ein feil som eksisterer i alle motorane, seier Kongsteien.

– Fekk informasjon undervegs

– Passasjerane har fått informasjon etter det som skjedde og tilbod om oppfølging, og vi har booka om passasjerane som skulle til Førde, seier informasjonsdirektøren.

Rasmussen, som kjem seg heim litt seinare enn planlagt, seier passasjerane fekk informasjon undervegs i lufta.

– Kapteinen sa kva som skjedde og at alt gjekk fint, og at vi berre skulle lande for sikkerheits skuld. Det verka som passasjerane tok det roleg, seier han.