NRK Meny
Normal

Måtte sitje i bagasjerommet på buss

Sogndalsspelarane har tradisjon for oppfinnsam straff når dei tapar for kvarandre i kortspel. Søndag måtte førstereisguten Vegar Dyrstad sitje i bagasjerommet på bussen på vegen heim.

Vegar Dyrstad

BAGASJEROM: Vegar Dyrstad tapte i kortspel og måtte sitje i bagasjerommet på bussen frå Mannheller til Fosshaugane.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kortspel er ein av måtane spelarane får tida til å gå på. På veg heim etter 2–2 mot Fredrikstad vart turen litt ekstra uvanleg for ein av spelarane.

Då han tapte i kortspel vart straffa å sitje i bagasjerommet, skriv TV2 Sporten.

– Han tapte i kortspel, så då måtte han sitje i lasterommet under båtturen frå Mannheller til Fodnes, forklarar Ørjan Hopen til TV2.

Isolert i bagasjerommet – utan mobiltelefon

Å ta buss til og frå kamp kan bli kjedeleg i lengda, og det å straffe kvarandre når dei tapar i kortspel blir fort god underhaldning.

På bussturen heim på søndag var det ein luftetur i bagasjerommet på bussen som var straffa for den uheldige Vegar Dyrstad. Han vart liggjande i bagasjerommet på ferjeturen, men også vidare til Fosshaugane.

– Det var litt skummelt i starten. Eg følte at bussen køyrde litt fort. Men det var behageleg og eg heldt på å sovne. Kor lenge eg låg der veit eg ikkje heilt nøyaktig, men det var heilt mørkt og eg fekk ikkje ha mobiltelefon, fortel Dyrstad til TV2 Sporten.

Ikkje første gong

Og det er ikkje første gong Dyrstad må tåle straff etter å ha tapt i kortspel. Då Sogndal var på treningsleiar på La Manga i Spania i mars kom Dyrstad heim utan hår etter at han måtte barbere av seg alt håret.

Nyskinna måtte han også ta ein symjetur kliss naken i bassenget ved hotellet.

Veit ikkje om «straffa» var ulovleg

Men denne straffa kan ha vore på grensa til ulovleg. Sjølv veit ikkje Dyrstad om det er lov å vere i bagasjerommet på ein buss i fart.

– Bussjåføren vår opna luka og spurte om eg skulle sitje der. Eg sa eg hadde tapt i kort og skulle det og han berre lo, seier Dyrstad til TV2.

Lensmann i Sogndal, Åge Løseth ville måndag ikkje seie noko bastant om saka på spørsmål frå TV2.

– Det kjem an på kva buss det er og korleis den er sertifisert. Men generelt vil eg seie at bagasjerom er for bagasje og seter for passasjerar, seier lensmannen til TV2.