NRK Meny

Måtte sikre lasta si

Statens vegvesen avskilta både bil og hengar under ein mobilkontroll fleire stadar i Indre Sogn i går kveld. Føraren av vogntoget fekk ikkje køyre vidare før lasta var forsvarlege sikra. Ein annan førar hadde ikkje lov til å køyre med hengar og blir meld for dette. Eit køyretøy vart avskilta på staden. Det var ikkje forsikra.