Hopp til innhold

Måtte sei farvel til eige fylke

LEIKANGER (NRK): Det vekte sterke kjensler på Fylkestinget når framtida til Sogn og Fjordane skulle avgjerast.

SP-bnk under fylkesting

DET GJEKK IKKJE SOM DEI VILLE: Benken med politikarar frå Senterpartiet måtte sjå at slaget var tapt. 19 stemte for ein Vestlandsregion, medan 12 stemte mot på fylkestinget.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Etter ein lang debatt med både harde ord og tunge sukk var det 19 hender i lufta som avgjorde det heile. Fylkespolitikarane går inn for at Sogn og Fjordane truleg er historie innan 2020.

7. desember 2016 var utan tvil ein kjensleladd dag for fylkespolitikarane. Nokre kjende på sårheita.

– Det går inn på meg. Vi har eit flott fylke som kunne levd godt inn i framtida, sa Arnstein Menes frå Senterpartiet.

Medan andre nesten kunne sveve i taket.

– Eg kjente ei andektig kjensle i det vedtaket var gjort. No har vi tatt steget mot Vestlandsregionen, sa Eid-ordførar og venstrepolitikar Alfred Bjørlo.

Ein hard kamp

Heile det menneskelege kjensleregisteret fann stad på talarstolen, men etter ein hard kamp måtte nokre av politikarane innsjå at slaget var tapt.

– No trur eg at det dessverre er slutt for Sogn og Fjordane, sa Aleksander Øren Heen i Senterpartiet.

Nokre sat att med større framtidstru.

– Skal vi bli dradd etter håret? Vi ser moglegheiter i dette. Ein Vestlandsregion kan gi ein ny giv og ein ny puls som Sogn og Fjordane kan dra nytte av, sa Bjørlo.

Eit typisk vestlandsvêr spegla truleg humøret til Øren Heen.

– Dette var seigt. Eg har tru på Sogn og Fjordane ville stått seg inn i framtida. No gir vi frå oss makta.

Stemte i utakt med eige parti

Etter vedtaket var gjort var det ei som handhelste og takka fylkestingsmedlemmane for jobben. Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) stemte for ein Vestlandsregion, og i utakt med eige parti.

– Når fylkestinget gir eit klart råd om å gå inn på ein Vestlandsregion, så er det eg som fylkesordførar som skal vere med i kampen. Då er det viktig for meg å tene fylket sine interesser, sa Følling.