Hopp til innhold

Blei straumlause julaftan etter brann på fjellet

Alle husa i Vetlefjorden og Balestrand blei mørklagd midt i julemiddagen etter ein linjebrann i fjellsida over ferjekaia på Hella.

Brann i fjellet på Hella

INGA JULESTJERNE: Det brann kraftig i fjellsida over Hella julaftan. Det førte til straumbrot i Vetlefjorden og Balestrand.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

Store mengder snø og kulde er truleg årsaka til at folk måtte klare seg med stearinlys, vedfyring og kroppsvarme julekvelden. Ein brann i området kring trafostasjonen i fjellsida over ferjekaia på Hella gjorde til at linjenettet blei kopla ut.

– Vi veit jo ikkje sikkert årsaka, men Statnett skal opp med helikopter no i dag for å sjå på linjene, opplyser vakthavande i Sognekraft, Svein Inge Wold, til NRK.

Både Sognekraft og alarmsentralen t fekk inn fleire meldingar frå folk som såg at det brann oppe i fjellet. Brannvesenet i Leikanger rykte ut til Hella.

– Det var lite dei kunne gjere nede frå fjorden, og dei melde inn at dei måtte fram med snøscooter. Men etter ein god time var brannen sløkt, stort sett av seg sjølv, får NRK opplyst frå alarmsentralen i Florø.

Både Sognekraft, Sogn og Fjordane energiverk (SFE) og Statnett har linjer opp til fjellet over Hella, og kraftstasjonen i Mel i Vetlefjorden blei råka av brannen.

Den første meldinga om utfall kom inn til Sognekraft klokka 19.28, og klokka 20.58 hadde ein klart å kople om og sørga for at straumen kom attende til abonnentane i Vetlefjorden og Balestrand fram til Brattland-feltet.

– Alle fekk heldigvis att straumen då, opplyser Wold i Sognekraft.