– Dei hadde vore på langtur og gått i mange timar. Då dei ikkje fann stien ned igjen, ringde dei familien sin, seier operasjonsleiar, Wenche Hope i politiet.
Dei to er frå fylket, men ikkje frå Askvoll. Dei skal ha vore på tur i nærleiken av Rivedal, då dei mista stien.
– Dei gjekk seg skårfaste og kom seg ikkje vidare, seier Hope.
Politiet og Røde Kors sette i gang redningsaksjon i 21.30-tida fredag kveld, men det var eit ambulansehelikopter som fann dei og fekk dei ned igjen.
– Det gjekk ikkje lang tid frå dei varsla oss, til dei var funnen og kom seg ned igjen, seier Hope ved politiet.
Dei kom begge uskadde frå hendinga.