Hopp til innhold

Måtte på do – køyrde «dritfort»

Kan dårleg mage gjere at du slepp straff for å råkøyre? Nei, meiner tingretten.

Fartskontroll

FULL FORSTOPPELSE: Politiet synte ingen nåde og stogga den dotrengde fartssyndaren.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ein mann i 30-åra måtte nyleg møte i Sogn og Fjordane tingrett, tiltalt for å ha køyrd i 136 km/t i ei 90-sone på Austlandet 8. august i år. Sunnfjordingen tilstod alt i retten, men forklarte at årsaka til farten var at magen også hadde fått fart på seg.

– Sikta forklarer at han køyrde alt for fort, men han gjorde det fordi han var dårleg i magen den aktuelle dagen. Han ville difor finne ein bensinstasjon med eit toalett, står det i den ferske dommen frå tingretten.

Men langs vegen stod politiet med lasermålar. Mannen blei stogga på si ferd og blei fråteken førarkortet på staden.

– Han seier at han var i sjokk og at dette var grunnen til at han ikkje fortalde til politiet kvifor han køyrde så fort som han gjorde, skriv retten og legg til at fartssyndaren trudde at fartsgrensa var 110.

I tingretten bad den angrande syndaren om at han måtte få ei lågare straff som følgje av magesjuka han hadde. Retten tok ikkje omsyn til dette, men på grunn av mannen sin dårlege økonomi blei bota kraftig redusert.

Han blei dømd til ei fengselsstraff på 15 dagar som han slepp å sone og ei bot på 2500 kroner. Han må også klare seg utan førarkort fram til jul.