Hopp til innhold

Kapteinen ropte "Mayday" - fly landa med røyk i cockpit

Dei 17 passasjerane på morgonflyet frå Florø til Bergen fekk ein dramatisk start på dagen. Det tok nemleg til å ryke i cockpiten, og kapteinen ropte "mayday" og måtte få klarering for snarlanding.

Det var like før klokka 07.30 torsdag morgon at Dash 8-flyet landa på Flesland lufthamn Bergen etter eit snev av dramatikk, skriv VG Nett.

- Litt over klokka sju fekk vi melding frå eit Widerøe-fly om at det var indikasjonar på røyk i cockpit. Vi valde å setje opp beredsskapsnivået til full beredskap. Flyet landa trygt hjå oss om lag 07.20, seier lufthamnsjef Adelheid Nes ved Bergen lufthamn Flesland til NRK.no

Like før landinga vart det oppdaga røykutvikling i cockopiten. Det førte til full «mayday»-alarm.

Avbles situasjonen

Dei reisande med flyet skal ha vorte orienterte om røykutviklinga medan flyet var i lufta. Dei fekk også beskjed frå kapteinen om at flyet hadde fått klarering for å gå ned umiddelbart.

Men undervegs vart naudsituasjonen avblesen fordi flygarane følte dei hadde kontroll over situsjonen.

Informasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien, seier til avisa at alle prosedyrar vart følgde til punkt og prikke.

Usikker årsak

– Dette er noko ein øver på og skal kunne handtere, men det er klart at røykutvikling i eit fly kjennest dramatisk i seg sjølv, seier Kongsteien til VG Nett.

Kva røykutviklinga i flyte i dag skuldast, var i dag uklart. Flyet er teke inn til tekniske undersøkingar på Flesland.

Saka vert oppdatert