Drifts- og distribusjonsdirektør Jan Kåre Midthjell i Diplom-Is reknar med at isen som vart køyrd til bossplassen i Ivahola var verd mellom fem og sju millionar kroner. Likevel kunne konsekvensane vore større om gassutsleppet hadde skjedd på ei anna tid av året. Januar er lågsesong, og difor var lageret på Sandane berre halvfullt. Den øydelagde isen blir dekka av forsikringa, slik at Diplom-Is ikkje lir noko stort økonomisk tap.
Sterk lukt
Etter gassutsleppet frå Vest-Norsk for den 7. januar tok Diplom-Is prøver av isen ulike stader på lageret. Det viste seg å vere svært sterk ammoniakklukt av emballasjen, og lukta var så sterk at den hadde trengt heilt inn i sjølve iskremen.
Det var òg ammoniakksmak av isen, seier Midthjell. Difor hadde Diplom-Is ikkje noko val: All isen måtte kastast.
Grundig nedvasking
Etter at dei 225 tonna med is var køyrd til bossplassen i Ivahola, arbeidde seks personar i tre dagar med å vaske ned lageret på Sandane. Deretter stod lageret tomt i ti dagar. I dag kjem det første vogntoget med is til Sandane for å fylle opp att lageret. Jan Kåre Midthjell er trygg på at denne isen blir fri for lukt og smak av ammoniakk.