Hopp til innhold

Måtte hente turistar ned frå breen

To franske turistar risikerte livet då dei tok seg heilt opp til Bøyabreen i Fjærland.

Turistar trassa åtvaringar og gjekk inn på Bøyabreen.

– Eg vert overraska over at folk ikkje innser kor farleg det kan vere, seier guide på Norsk Bremuseum, Janne Merete Bøyum.

Det var tysdag at guiden fekk seg ei skremmande oppleving, då ho oppdaga nokre turistar som hadde tatt seg heilt fram på brekanten ved Bøyabreen.

– Eg stod og snakka med ein turist frå bussen min, då eg såg at det var nokon som var ute og gjekk på bre-isen.

Isen som turistane gjekk på, ligg heilt nede på bakkenivå, eit godt stykke under resten av breen som ligg lengre opp i den stupbratte dalen.

Fekk ikkje kontakt

Tidlegare denne sommaren var Bøyum vitne til turistar som sette seg sjølv i livsfare då eit ras gjekk like etter at dei hadde trassa sperringane ved Supphellebreen. I fjor omkom ein 38 år gamal turist som gjorde det same, ved Nigardsbreen i Jostedalen.

Bøyum skjønte at ho måtte handle raskt for å få turistane vekk frå det svært rasutsette området.

Janne Merete Bøyum

REAGERTE RASKT: Turguide Janne Merete Bøyum gjorde det ho kunne for å få turistane vekk frå brekanten.

Foto: Privat

– Eg gjekk så langt fram som eg kunne og byrja å rope på dei. Men eg trur eg skreik i om lag ti minutt utan resultat. Då dei byrja å klatre inn i eit hol i breen måtte eg berre springe fram og hente dei, fortel ho.

Då turistane var komne i sikkerheit, verka det ikkje som om dei hadde forstått kor heldige dei var som kom heilskinna unna situasjonen.

– Dei sa unnskyld i etterkant då eg hadde fortalt dei om dei reelle farane dei utsette seg sjølv for, men det verka ikkje eigentleg som at dei forstod alvoret, seier Bøyum.

Må respektere naturkreftene

Fagansvarleg ved Norsk Bremuseum, Pål Gran Kielland seier det er eit gjentakande problem at folk går for nære ved breane. Trass i at tydelege fareskilt er sette opp, vel mange turistar å setje både seg sjølv og andre i fare ved å ignorere åtvaringane. Kielland prisar seg lykkeleg for at det gjekk bra denne gongen.

– Breguidane har mandat til å hente ned turistane dersom dei trassar åtvaringane. Og det er ikkje lett å få kontakt med all støy frå vind og elv som renn det. Men det er klart me ikkje ønskjer at guidane skal setje seg sjølv i fare heller, seier han.

Kielland meiner fleire folk generelt bør rette meir merksemd mot fareskilta, og respektere naturkreftene som rører seg rundt breen.

– Heldigvis så rasar det ikkje heile tida, men så fort folk kjem nære breen så er konsekvensen stor dersom det verste skulle skje, seier han.