Hopp til innhold

Måtte halde Loen Skylift stengt på grunn av vind

I heile tre dagar har ein verken komme seg opp eller ned med Loen Skylift.

Loen Skylift

POPULÆRT: Frå opninga 20. mai til torsdag 7. september har Loen Skylift hatt 142.000 påstigingar og 76.000 gjester

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Sterk vind gjorde at ein måtte stenge Loen Skylift, skriv avisa Fjordingen.

I Loen er det investert nær 300 millionar i gondolbana som skal gi folk magesug. Den tar deg 1000 meter rett opp frå fjorden.

Sal- og aktivitetsansvarleg i Loen Skylift, Odd-Rune Flo, seier til avisa at vinden har vore oppe i orkan i kasta. Han seier vidare at det ikkje er noko fare for at vognene skal falle ned, men at det ved sterk vind vil det vere ubehageleg å vere i vognene som fraktar folk opp til Hoven i Loen.

Populær attraksjon

Frå opninga 20. mai til torsdag 7. september har Loen Skylift hatt 142.000 påstigingar og 76.000 gjester. Pendelbana har hatt ein enorm effekt på tilstrøyminga av turistar til indre Nordfjord

– Det har vore mange bestillingar til denne helga, så det er trist både for dei og for oss med tanke på tapt omsetnad, men tryggleiken kjem først, seier Flo til Fjordingen.

No går bana som normalt, noko dei satsar på held fram ut sundagen.

Loen skylift

300 MILLIONAR: Nær 300 millionar er investert i gondolbana i Loen.

Foto: Anders Mildestveit / NRK