Hopp til innhold

Måtte ha hjelp ned frå fjellet

Ei kvinne i 60-åra måtte i går kveld få hjelp ned frå Hatlesetnipa i Flora. Kvinna hadde fått skade i ein fot og fann ikkje vegen ned igjen frå fjellet, fortel Arve Samsonsen, som er operasjonsleiar ved Vest Politidistrikt. Kvinna måtte hentast med båre, og fekk seinare behandling på legevakta seier Samsonsen.