Ein svært rusa mann i byrjinga av 30-åra hadde då vore til sjenanse for andre gjester og stelt i stand så mykje bråk at hotellet ikkje makta å handtere han.
Politiet føreslo at dei kunne køyre mannen heim, eit tilbod han takka han ja til.
Tenåring
Også ved utestaden Smuget hadde dei problem natt til laurdag. Kring klokka 02.30 måtte politiet rykkje ut for å ta med seg ein tenåring som hadde skapt seg vanskeleg.