Hopp til innhold

Politiet måtte trå til mot vrange pubgjestar

To menn sette seg kraftig til motverge då politiet ville pågripe dei på ein pub i Flåm fredag kveld.

Flåm stasjon

TOK IKKJE TOGET: Dei to mennene hadde ingen planar om å ta toget under sitt besøk i Flåm. No må dei tilbringe natta i arresten i Sogndal.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Vi fekk inn melding om ei utforkøyring i Flåm, litt seinare fekk vi beskjed om at det var ein bråk på ein pub i bygda. Vi rykka ut og pågreip to menn, seier operasjonsleiar Kjetil Drange til NRK.

Men dei to mennene ville slett ikkje bli med politiet frivillig, særleg ikkje når politiet kunne fortelje at dei var mistenkte for å ha køyrd bilen i grøfta med promille.

– Dei sette seg til motverge. Dei ville rett og slett ikkje bli med. No er dei på veg til Sogndal for eit opphald i arresten der, seier operasjonsleiaren.