Hopp til innhold

Her har politiet fått kontroll på den rusa mannen på bussen

Ein rusa mann i 40-åra skapte så mykje krøll på ekspressbussen på veg til Trondheim at bussjåføren til slutt bad politiet om hjelp får å få fjerna mannen.

Pågreip rusa mann

ARRESTERT: Her har politiet fått kontroll på den rusa mannen i 40-åra.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi har pågripe ein mann i 40-åra fordi han er rusa og har utført skadeverk på bussen, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes til NRK.no.

Det skal ikkje vere meldt i frå om personskadar etter hendinga på bussen, som skjedde om lag klokka 21.

Episoden skjedde på Fjordekspressen, som var på veg til Trondheim på E39.

Nøyaktig når opptrinnet starta, er førebels uklart. Men då ting drog seg til inne på bussen, valde bussjåføren å parkere bussen i busslomma som er i svingen ved innkøyrsla til Mo og Jølster vidaregåande skule si avdeling på Mo.

Veit ikkje nøyaktig kva han har gjort

Det er førebels ikkje klart kva skadeverk den rusa mannen har gjort på bussen, men ifølgje firda.no skal mannen ha gått laus på inventaret i bussen med ein hammar.

– Det kjenner eg ikkje til. Vi veit heller ikkje kva han er rusa på, seier Hatlenes til NRK.no.

– Var mannen trugande på noko vis?

– Det veit eg førebels svært lite om. Men han laga i alle fall såpass med støy at bussjåføren bad om å få han fjerna, seier Hatlenes.

Då meldinga om at det var trøbbel på Fjordekspressen kom, valde politiet å sende ei patrulje frå Førde.

– Vi tok ingen sjansar, og patruljane møttest ved bussen. Men vi hadde nok klart det med ei patrulje, seier Hatlenes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arresterte rusa mann

KØYRD VEKK: Den rusa mannen vart køyrt til lensmannskontoret i Førde etter at han vart pågripen.

Foto: Steinar Lote / NRK

Har køyrt vidare

Den rusa mannen vert teken med til Førde og Naustdal lensmannskontor for avhøyr.

– Vi må ta ei vurdering på om han må bli i arresten i natt, alt etter kor rusa han er, seier Hatlenes.

Ekspressbussen drog frå staden like etter at mannen var pågripen, og trafikken på staden går no som normalt.

Vil ikkje kommentere

Sjåføren på bussen køyrer for Nettbuss Vest og er frå Sogn og Fjordane. Administrerande direktør i Nordfjord-Ottadalen AS, Asgeir Mykklebust, stadfestar at han er orientert om hendinga.

– Eg har fått opplyst at sjåføren følgde rutinane og tok kontakt med politiet for å få hjelp, seier Mykklebust.

– Stemmer det at den rusa mannen slo rundt seg med ein naudhammar?

– Eg vil ikkje kommentere det som har skjedd. Eg veit svært lite, alt eg veit er at sjåføren bad om hjelp, og det fekk han. Dette må politiet svare på, seier Mykklebust.

Han legg til at dei kjem til å snakke med sjåføren i morgon for å debriefe hendinga.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Mo» i nytt vindu