Hopp til innhold

Måtte evakuere politihuset

Politihuset i Florø vart i føremiddag evakuert då det byrja å brenne i ei elektrisk tavle. Alle avdelingar utanom alarmsentralen og operasjonssentralen til Vest politidistrikt måtte forlate bygget. Sløkkeanlegget i det aktuelle rommet vart sett i drift. Det var ikkje opne flammar då brannvesenet kom fram. Dei tilsette skal ha fått returnert til arbeidsplassen no.