Kom seg unna med naud og neppe – no får ungane gå på naboskulen

AURLAND (NRK.no): To dagar etter at dei måtte evakuere skulen sin, er elevane frå Flåm skule på plass ved naboskulen i Aurland.

Elevane Erling Håland og Jon Onstad ved Flåm skule

PÅ NY SKULE: Erling Håland, Jon Onstad og dei andre elevane ved Flåm skule er no flytta til Aurland barne- og ungdomsskule.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Då eg skulle reise frå skulen, var vatnet berre 20 centimeter under brua. Læraren sa at vi berre måtte gå rett over – utan å stoppe og kikke på noko, seier Jon Onstad.

Han går i sjuandeklasse ved Flåm skule, der han tysdag opplevde noko han seint vil gløyme. For då elva steig raskare enn nokon i sin villaste fantasi hadde trudd, måtte ungane evakuere så raskt som råd.

Seinare på dagen måtte han og familien også evakuere garden sin.

– Det var veldig spesielt. Eg har aldri opplevd noko slikt – og får vel aldri oppleve det igjen. Heldigvis. Eg vart redd då eg forstod at ein propp i elva kunne breste og ta med seg heile garden vår, seier Onstad.

– Opplever det som dramatisk

Då Flåmselvi gjekk ut over sine eigne breidder, hadde dei fleste elevane like før reist frå skulen. Tilbake var ungane på SFO og dei tilsette.

– Det var meir eller mindre tilfeldig at vi oppdaga at elva kom opp på brua. Eg såg det då eg kikka ut vindauget på kontoret mitt. Då var det berre å varsle foreldra og evakuere ungane på SFO, seier rektor Astrid Hassel til NRK.no.

Tysdagen vart ein skuledag ho nok aldri vil gløyme.

– I etterkant opplever eg det som skjedde som dramatisk, men det gjekk ikkje opp for oss der og då. Vi såg jo at elva steig, og ho hadde vore stor sidan måndag. Men vi hadde ikkje trudd at det skulle få eit slikt utfall, seier Hassel.

– Sett i ettertid var det ikkje mykje om å gjere?

– Nei. Eg veit det no. Eg er berre glad det ikkje gjekk opp for oss, og at vi handla på impuls og gjorde dei rette tinga. No er vi berre veldig glade for at alt gjekk bra.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rektorane Astrid Hassel og Odd Mikalsen

TO REKTORAR – EIN SKULE: Rektorane Odd Mikalsen og Astrid Hassel må gjere det beste ut av situasjonen – no er begge skule samla under eitt tak.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Godt mottekne på sin nye skule

Først torsdag har rektoren fått samla dei fleste ungane frå skulen igjen. Dei kan framleis ikkje ta i bruk Flåm skule – og det kan dei nok ikkje på ei god stund, men har fått komme til Aurland barne- og ungdomsskule i nabobygda.

Der har dei hatt samling og fått snakka om det som skjedde for to dagar sidan. Og dei er tekne imot med opne armar av rektor Odd Mikalsen.

– Dette er i aller høgste grad ei ad hoc-løysing. Her har det ikkje vore mykje førehandsplanlegging. Vi må berre ta ting på strak arm. Eg reknar med at brikkene fell på plass etter kvart, seier Mikalsen.

– Eg håpar skulekvardagen snart vil normalisere seg for elevar og lærarar. Vi gjer så godt vi kan for at dei skal kunne finne seg til rette.

Måtte evakuere frå skulen og garden

No er Hassel berre glad for at alt gjekk bra med ungane og dei tilsette ved Flåm skule. Ho veit ikkje kva tid dei kan ta i bruk gamleskulen sin igjen.

Om to veker skulle bygda ha stor fest og feire at skulen er 100 år.

– Vi håpar at det skal gå an å reparere skulen, og at vi kan komme tilbake dit. Det betyr mykje for bygda, ungane, foreldra og vi som jobbar der, seier rektoren.

For Erling Tørud Håland går det førebels greitt å gå på den nye skulen. Han var også mellom dei som først måtte evakuere frå skulen – og deretter frå garden.

– Eg kjenner nokon her frå før. Så det går fint. Men eg har litt lyst til å komme tilbake til skulen vår også, seier femteklassingen.

– Det er flott at dei har ønskt oss velkommen og sagt at vi kan vere her til skulen vår er fiksa. Det går heilt fint her, samstemmer Jon Olstad.

Store skader etter flaumen

EVAKUERT: Elevar og tilsette måtte evakuere Flåm skule under storflaumen tysdag. Dei kan førebels ikkje flytte tilbake.

Foto: Arne Veum / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.