NRK Meny
Normal

Festivalsjefen frykta fatale følgjer om dei ikkje hadde evakuert då stormen kom

ÅRDALSTANGEN (nrk.no): Då vinden nådde 27 sekundmeter framfor scena, tok ikkje Målrock-leiinga sjansen lenger og evakuerte festivalområdet.

Folk på Målrock

BLE EVAKUERT: Over 2300 menneske måtte forlate Meieriparken på Årdalstangen då vindstyrken kom opp i 27 meter i sekundet.

Foto: Arve Uglum / NRK

Med vindmålingar kvart 15. minutt heile kvelden, håpa arrangørane bak Målrock i det lengste på å få gjennomført alle konsertane. Då vindkasta nådde 27 sekundmeter, var ikkje arrangørane i tvil lenger.

– Med dei kraftige vindkasta stod ølteltet i fare for å reisa i vinden. Det kunne fått fatale følgjer, seier festivalsjef Katrine C. Fredheim til NRK.

– Vi hadde ein briefing kl 18.00, der vi la ein plan om været skulle bli værre enn venta. I tillegg gjekk vi gjennom dei ulike ansvarsområda slik at alle var klare på sine oppgåver denne kvelden. Vi gjekk og gjennom ulike grenseverdiar på vindstyrke, samt sikkerheitsrutinane til leverandørane av scenene, fortel Fredheim.

Showstopp i 1,5 time

Sikkerheitsrutinane inneber at dersom vindstyrken er over 16 - 18 sekundmeter, skal det ikkje vera folk verken på scena eller området rundt. - Då vi stoppa konserten til Strupetakarane, målte vi vindkast opp i 20-21 m/s, og vurderte situasjonen ut i frå det.

– Medan vi hadde stopp, opplevde vi fleire rolege periodar på ti minuttar av gongen. Vi såg mogelegheiten til å kunne starte opp att, og sendte mannskapet til skotske Fish på scena. Etter nokre minutt måtte vi be dei om å stoppe fordi vindkasta igjen vart for høge, fortel ein oppgitt festivalsjef.

Dei kunne ikkje anna enn å håpe på betre vær, men dessverre slo det ikkje til denne kvelden.

Frykta for ølteltet

I samråd med politi, vaktsjefar og scenemannskap vart det raskt bestemt evakuering av heile området då vinden viste musklar og gav vindkast som auka i takt med minuttane.

– Sideduken på scena hadde fått ei rift på eine kortsida, og frykta for at ølteltet skulle gje etter vart for stor. Difor evakuerte vi alle dei 2.300 personane ut frå festivalområdet på nokre få minutt, seier Fredheim.

Det var ei udramatisk evakuering, og ganske raskt etter publikum var ute kom beskjeden om at resten av Målrock vart avlyst. Målrock-arrangørane organiserte logistikken med ein gong avlysinga var eit faktum.

– Busselskapet reagerte umiddelbart og i løpet av eit kvarter var bussane på plass, skryt ho.

Håpa i det lengste

– Vi kunne ha vore tidlegare ute med informasjon i forkant av evakueringa, og vi kunne ha stoppa billettsalet tidlegare, seier Fredheim.

– Men samtidig håpa vi i det lengste at vi skulle få gjennomføre heile Målrock. Eg og resten av Målrockleiinga er trygge på at vi tok ein korrekt avgjersle. Vurderingane er gjort i samråd med sikkerheitsrutiner, anbefalingar og tidlegare erfaringar, seier Fredheim.

Dei totale besøkstala for Målrock 2014 vart 5.500 personar. - Om vi hadde kome heilt i mål med Målrock i år, hadde vi nok hatt bortimot eit rekordår, fortel festivalsjefen.

Far og son

SOV I TUNNEL: Thorstein Lehmann og sonen Tormod Stryken (13) fekk teltet øydelagd av 'Lena'. Dei fann soveplass i ein nedlagd tunnel.

Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen / NRK

Overnatta i nedlagt tunell

Då Thorstein Lehmann og sonen Tormod Stryken (13) kom attende til Målrock sin festivalcamp 00.30 natt til søndag, var teltet knekt i alle kantar.

- Tidlegare på dagen i går gjekk vi ein liten tur og oppdaga ein nedlagt tunell like i nærheita her. I natt tok vi berre med oss tinga våre og la oss til der, smiler Thorstein.

Far og son frå Lillehammer har nytta Målrock-festivalen som ein guttetur, og ankom Årdal med buss på fredag.

– Det var Bernhoft og Kari Bremnes som var viktigast, så vi hadde veldig flaks, fortel dei.

Politiet sjekka promille

Politiet hjalp til med å få folk ut av festivalområdet laurdag kveld, og i dag stilte dei med alkotest til alle som ville sjekke promillen før dei la ut på vegen igjen.

– Lensmannen i Årdal melder at dei hadde service oppdrag for publikum som hadde vore på Målrock der dei fikk anledning til å blåse alkotest før dei startet køyring attende frå festivalen. Totalt fekk 219 bilførarar blåse test. Nokre få måtte utsette tilbaketuren, melder politiet.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser