NRK Meny
Normal

Måtte bu på do i ein månad - uhøyrt, meiner pasientombodet

Ein kvinneleg pasient måtte i ein månad bu på det som eigentleg er eit toalett ved Hornindal omsorgssenter. Det får pasientombodet til å steile.

Eldre må bu på badet på Hornindal omsorgssenter - uverdig seier pasientombodet
Intro
Eldre må bu på badet på omsorgssenteret i Hornindal kommune.
Lite pengar og stadig fleire eldre gjer at kommunen ikkje har noko anna val enn å plassere eldre rett ved sidan av eit toalett.
Uverdig, meiner pasientombodet.

DO: Rommet er opphavleg eit toalett, som no er skjult bak forhenget. Her måtte pasienten bu i over ein månad, fordi Hornindal kommune ikkje har pengar til fleire einerom.

– Det er ikkje verdig eldreomsorg å plassere pasientar på eit baderom utan vindauge. Det er verken bra for pasienten, pårørande eller tilsette, seier pasientombod i Sogn og Fjordane, Runar Finnvåg.

I over ein månad måtte ei kvinne bu på eit bad utan vindauge. For det er det som ventar eldre som får mellombels opphald ved Hornindal omsorgssenter. Eit lukka rom utan dusj, der toalettet er skjult av eit forheng.

Pårørande er desperate etter hjelp

Også rådmann i kommunen innrømmer at situasjonen ikkje er gunstig, men at kommunen ikkje har pengar til å lage fleire einerom.

– Det er eit dilemma. Dei pårørande ber om å få sine inne, og seier at det er same kva de tilbyr, berre vi får hjelp, fortel Ann Kristin Langeland.

Rådmann i Horndingal, Ann Kristin Langeland, innrømmer at situasjonen ikkje er bra.

DILEMMA: Rådmann i Hornindal, Ann Kristin Langeland, skulle gjerne tilbygg pasientane noko betre, men kommunen har ikkje pengar til fleire einerom.

Foto: Heidi Lise Bakke

Situasjonen er nok ikkje unik for Hornindal. For fram mot 2050 vil ein trenge 45000 nye omsorgsplassar i heile landet, ifølgje siste stortingsmelding. I Hornindal kan ikkje rådmannen kome med garantiar om kor tid dei eldre i kommunen slepp å bu på eit bad.

– Utfordringa vår, som mange andre kommunar har, er å auke drifta og kapasiteten. Driftsbudsjettet er ikkje der i dag at vi har funne rom for å gjere der, seier Langeland.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast