NRK Meny
Normal

Måtte bryte verdsrekordforsøket, men ...

Få sprang lenger enn berrføtte Lars Bjørbæk frå Florø under ultraløpet på Bislett.

Lars Bjørbæk

BLANDA KJENSLER: Lars Bjørbæk frå Florø fekk ikkje ein verdsrekord, men han klarte å springe lenger enn mange som hadde sko på beina. Med 150 kilometer bak seg vart 24-timarsløpet på Bislett godkjend.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Florøværingen hadde planar om å ta verdsrekorden under Bislett sitt 24-timars ultraløp på innandørsbana i Oslo denne helga. Slik vart det ikkje.

Den førre rekorden i berrføtt springing var rett over 22 mil på 24 timar. Bjørbæk ville klare 24 mil, men det stogga på 150 kilometer etter 22 timar.

– Eg hadde vondt i leggen, såpass vondt at eg nesten ikkje klarte å springe. Då meinte kiropraktoren min at eg burde gi meg for helsa sin del, fortel han.

Klarte seg betre enn mange med sko

Første halvdel av løpet gjekk bra, men så blei det tungt.

– Første halvdel kjende eg meg veldig fin. Då låg eg før skjema. Men så begynte kroppen å seie at no er du trøytt, no ryk du snart. Då var det berre hovudet mitt som gjekk framover, men plutseleg ville ikkje kroppen springe meir. Då måtte eg berre gå, seier Bjørbæk.

Lars Bjørbæk går utan sko året rundt. No vil han setje ein barrbeint verdsrekord.

OPPKØYRING: Lars Bjørbæk har lenge lada opp til å forsøke å slå verdsrekorden i berrføttspringing. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen.

– Det kjendest både trist og positivt. Eg klarte i alle fall det som mange har som mål, det å klare 150 kilometer. Så det var ein veldig god trøystepremie.

For klarar ein det får ein godkjent 24-timarsløpet, sjølv om ein ikkje har sprunge i 24 timar. Mange klarte ikkje å springe så langt, sjølv om dei fleste sprang med sko. Det er eit heftig løp, fortel florøværingen som var éin av to som sprang berrføtt.

– Det var ein som hadde sprunge 100 kilometer rett før eg gav meg. Han hadde så vondt at han måtte få hjelp frå ambulansepersonell, så det er ganske heftig, ja. Det er langt å springe og det er ikkje sunt i lengda å springe så langt om du ikkje har trent deg godt nok opp.

Klarar så vidt å gå

Om smerta i leggen ikkje hadde kome trur Bjørbæk likevel at kampen om verdsrekorden var tapt. Han hadde nemleg berre to timar igjen på seg til å springe 74 kilometer.

– Det var altfor langt igjen. Det var så langt frå at helsa måtte gå først. Det er berre å prøve att neste år, seier han.

Ultraløp

MANGE SKO: Berre to løparar sprang utan sko under ultraløpet på Bislett.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

For den berrføtte løparen har ikkje tenkt å hive på seg skoa med det første.

– Mine beste tider er jo utan sko. Eg har mindre vondt utan dei, fortel han.

Men no klarar han så vidt å gå, fortel han over telefon medan han ligg strak ut på ein sofa.

– Eg har veldig vondt i legg og lår. No må eg berre restaurere meg og sjå kor langt tid det var. Kanskje eg kan begynne å trene litt forsiktig i neste veke.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå