Hopp til innhold

Måtte bruke peparspray mot mann med kniv

Politiet i Florø pågreip i natt ein rusa og hissig mann som gjekk med kniv på ein campingplass.

– Han var veldig full og hadde ein stor kjøkkenkniv i lomma, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk meldinga like etter klokka halv to i natt.

– Han var hissig, men skal ikkje ha ikkje vore ein trussel mot andre.

Då politiet kom til staden, nekta han å gjere som politiet sa. Difor brukte dei peparspray for å få kontroll på mannen som er i 30-åra.

– Han blei teken med til arresten og det er gjort avhøyr. Han blir no meldt, seier Magnussen.

Han seier at det ellers har vore nokre andre oppdrag relatert til rus andre stader i fylket, men at dei har løyst seg greitt.