Måtte bidra i redningsaksjon

Ferjesambandet Anda-Lote på E39 er midlertidig innstilt. Årsaka er at MF «Gloppefjord» måtte hjelpe under ein redningsaksjon. – Ein båt av typen trimaran fekk problem med styringa i Nordfjorden og sende nødsignal. MF «Gloppefjord» rykte ut og køyrer no saman med båten som hadde problem tilbake. Det er dårleg vêr i området, opplyser Hovudredningssentralen på Sola.

MF Gloppefjord
Foto: Silje Guddal / NRK