NRK Meny
Normal

Måtte betale for bergingsbil etter å ha blitt rundstolen

Tjuvar braut seg inn og stal MC cross-sykkelen til Jørgen. For å få den tilbake måtte han betale for bergingsbilen som politiet hadde bestilt.

Jørgen Nigardsøy (t.h.) og kameraten Elias Svarstad

RAN: Jørgen Nigardsøy (t.h.) og kameraten Elias Svarstad vart rundstolne. For å få tilbake MC-cross-sykkelen måtte Nigardsøy betale fordi politiet hadde bestilt bergingsbil.

Foto: Privat

– Eg blei noko overraska då eg høyrde at politiet hadde bestilt bergingsbil for så å krevje at eg skulle betale den kostnaden, seier Jørgen Nigardsøy (20) frå Bremanger.

Jørgen Nigardsøy

SKUFFA: Jørgen Nigardsøy synest det er rart at han måtte betale for at ein bergingsbil hadde henta sykkelen hans utan at han hadde bedt om det.

Foto: Privat

Det var den 17. mars i år at frekke tjuvar gjorde innbrot og stal både ein MC cross-sykkel, diverse verktøy og ein dieseltørkar frå Nigardsøy.

– Vi melde tjuveriet til politiet, og etter nokre dagar kom dei for å sjå på staden der innbrotet hadde skjedd.

Fann tjuvegodset sjølv

Trass i at saka var meld til politiet gjekk det fleire veker utan at mykje skjedde. Jørgen Nigardsøy og kameraten, Elias Svarstad, gjorde eigne granskingar. Etter ei tid oppdaga dei at sykkelen låg ute for sal på Facebook.

– Vi gav beskjed til politiet og dei reiste og ransaka huset til vedkommande som hadde lagt sykkelen ut for sal. Der fann dei sykkelen og verktøyet. Men dieseltørkaren var ikkje der, fortel Nigardsøy.

20-åringen fekk så beskjed om at han kunne hente sykkelen hos eit bilbergingsfirma i Førde.

Måtte betale for transport han ikkje hadde bestilt

Då Jørgen kom for å hente sykkelen fekk han ei rekning på 4000 kroner frå bilbergingsfirmaet.

– Eg sa at eg ikkje hadde bestilt noko bilberging og at eg ikkje ville betale. Politiet sa at det var eg som måtte betale. Bilbergarane var greie og slo av 1000 kroner på prisen, men eg synest likevel det er veldig urettferdig at eg skal få denne rekninga, seier Nigardsøy.

Politiet meinte at han kunne freiste å få dekka kostnaden gjennom forsikringsselskapet. Men der er eigendelen på 4000 kroner.

– Eg synest politiet kunne har ringt meg og gitt meg tilbod om å hente sykkelen der dei fann den i staden for å bestille bilberging, seier Nigardsøy som fortel at han var lærling då dette hendte og at han synest det er surt å måtte betale 3000 kroner for å hente sin eigen sykkel.

MC Cross - sykkel

ARG: Jørgen Nigardsøy seier at han er ikkje sikker på om han hadde henta sykkelen i det heile tatt om han hadde visst at han måtte betale for bergingsbilen som politiet hadde bestilt.

Foto: Privat

Politiet dekker ikkje berging

Lensmann Espen Gulliksen i Bremanger bekreftar til Dagbladet, som først omtalte saka, at rekninga for bergingsbilen, slik politiet ser det, er Jørgen Nigardsøy sitt ansvar.

– Saka vert framleis granska. Ein person er tiltalt og fleire er mistenkte. Eg tok opp spørsmålet om betaling med påtaleseksjonen i politidistriktet, og dei var klare på at reglane er slik at politiet ikkje dekker berging. Derfor må han betale sjølv, seier Gulliksen til avisa.

Lensmannen seier han likevel forstår at Nigardsøy reagerer på at han måtte betale for å få tilbake tjuvegodset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.