NRK Meny
Normal

Måtte berge fiskebåt som hadde fått garn i propellen

Redningsskøyta Halfdan Grieg er no i ferd med å slepe ein fiskebåt frå Stad til Raudeberg, etter at båten fekk fiskegarn i propellen og mista framdrifta.

Fiskebåt i naud

FEKK HJELP: Redningsskøyta kom for å hjelpe då fiskebåten fekk problem.

Foto: R/S Halfdan Grieg

– Vi fekk melding om at det var ein fiskebåt utanfor Stad som hadde fått noko garn i propellen, og som trengde hjelp for å komme seg derifrå, seier skipper på redningsskøyta Halfdan Grieg, Per Bergmann.

Det var bølgjer på om lag tre meter i området og 16 meter i sekundet.

– Det er litt ruskevêr, seier Bergmann.

Slepar båten inn til land

Han kallar ikkje situasjonen dramatisk, men legg til at ting skjer fort på havet.

– I dette tilfellet var det ikkje så alvorleg, for båten var ganske langt frå land, så det var ikkje fare for at han skulle drive på land, seier Bergmann.

Men han understrekar at det å miste drivkrafta ute på sjøen, kan vere skummelt.

– Hadde han vore nærare land, hadde det vore kritisk. Det er kort veg inn til fjellet men vi kom tidsnok denne gongen, seier Bergmann.

Sender ned dykkar

Dei har no fått fiskebåten på slep.

– Vi tek båten med inn til Raudeberg. Det vil ta ein liten time. Så slepper vi ein dykkar ned for å skjære laus tauet frå propellen, seier Bergmann.

Båten må inn til land før ein dykkar kan gå ned.

– Vi kan ikkje gå ned med dykkar i tung sjø. Men i løpet av eit par timar er båten klar til dyst att, seier Bergmann.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.