Hopp til innhold

89 år gamal kvinne måtte bergast med redningshelikopter etter fjelltur

Ei kvinne på 89 år og ein mann på 50, måtte i kveld bergast med redningshelikopter ned frå fjellet Mulliegga i Bremanger.

bremanger

Kring klokka 20.30 fekk politiet melding om at dei to turgåarane ikkje kom seg ned ved eiga hjelp, og det blei bestemt at redningshelikopteret i Florø skal gjere eit forsøk på å hente dei ned.

– Vi tok ikkje sjansen på å sende inn mannskap i området no med tanke på den varsla stormen, opplyser operasjonsleiar Synnøve Domben ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Litt før klokka 22 fekk politiet melding om at dei to var berga ned av mannskap frå redningsbasen i Florø.

Dei to som blei berga var ei kvinne på 89 år, og ein mann på 50 år. Det skal etter tilhøva stå bra til med dei to.